Modalen Elveigarlag

Fiske for heile familien


Kommenter innlegget

Rognplanting April 2018

Pakking i boks

Pakking i bokser for utsetting. Foto: Jarle Neset

17. April var det på ny rognplanting i Modalselva. Om lag 15 personar deltok i aktiviteten, både frå Uni Research, Voss Klekkeri og elveeigarar/fiskarar. I tillegg deltok og Gry Walle frå Fylkesmannen.

Om lag 200.000 rogn blei planta, halvt om halvt i boksar og i rør direkte i elvegrusen. I tillegg vil ein klekka ut nokre tusen yngel på Voss, som so skal setjast ut i elva.

Eit TV team frå france5 kom og på besøk, dyktig veileda av Alv Arne Lyse frå Norges Jeger- og Fiskeforbund (NJFF). Dette er eit TV-team som lagar reiseprogram frå heile verda, ta ein titt her: Echappées belles
Programmet frå Modalselva og Etne vil verta
tilgjengeleg på YouTube frå 04. juni 2018.

 

 

Rognplanting2018_3

Pakking i boks medan TV-team ivrig prøver å få med alle detaljar. Alv Arne Lyse var med som kommentator. Foto: Jarle Neset

Gjengen klar for planting.

Stian Steinsland, Gry Walle og Linda Neset klar for å planta egg i rør i Almelid. Foto: Jarle Neset

Dykking

I aksjon. Rør vert sett ned i grus, og rogn skal oppi røret (beger med rogn vert helden av Stian (t.v.). Samstundes følger TV-fotograf med på begivenheten. Foto: Alv Arne Lyse

Reklame


Kommenter innlegget

Rognplanting Mars 2017

Som planlagt, blei det også i mars 2017 sett ut 700.000 rogn i Modalselva i regi av Uni Miljø LFI. Diverre var det ikkje opplyst på førehand om at storparten av dette skulle setjast ut med rør, så det blei eit noko «overbemanna» oppmøte på Sandane onsdag 29. mars kl. 09:00. Dette syner i alle fall at det no er aukande interesse i Modalen for det som skjer… Veldig bra!!

Rogna blei pakka og sendt frå Voss tysdag slik at dei var på plass onsdag morgon kl. 09:00 som planlagt. 100 rognboksar (ca. 100.000 rogn) blei pakka på nokre timar onsdag formiddag, og resten av dagen blei brukt til planting. Først klokka 19:00 på kvelden gav dei seg, då var 100 boksar sett ut samt ca 440.000 rogn planta i rør.

Torsdag blei så resten (ca. 160.000 rogn) planta ut i rør. Desse blei i hovudsak planta i Almelid og Neset.

20170330_131642_planting

Linda Neset plantar i rør. (Bilde: Jarle Neset)

Planting i rør skjer ved at ein dykkar finn ein høveleg plass i botnen (med grov grus) og grev ei grop. Så set ein røret nedi og legg litt grus rundt kanten. Rogna hellast opp i røret så dei sig nedi gropa. Deretter slettar ein litt over slik at egga blir dekka av grov grus og småstein.

Kvifor planting i rør?

Det viser seg at når ein sette ut boksar, var det anna fisk som var veldig interessert i desse og oppdaga at dei inneheld «mat»… so då var det berre å vente til det kom ut. Når ein plantar i rør, blir dette tilnærma slik laksen legg rogna naturleg, og egga er betre beskytta/gjømd for sine omgivnader.

Det er sannsynleg at ein større del vert planta på denne måten også neste år, om fisketeljinga syner høg overlevelsesrate neste gong.

Her kan du sjå korleis det gjekk føre seg i 2016: Les meir.


Årsmøte 09.03.2017

Tid: Torsdag 09.03.2017 kl. 19:00.
Stad: Konferanserommet på Mo

SAKSLISTE:

  1. Merknad til innkalling.
    Sak: Ingen merknad.
  2. Modalselva – Status og vidare orientering frå Fylkesmannen om reetableringa av Modalselva, v/Gry Walle.
    Sak: Gry Walle heldt eit innlegg der ho såg på dei utfordringane ein står overfor, status så langt i prosjektet og vidare plan framover.
    Les meir…
  3. Stenging av Modalselva 2017 for vidare fiske inntil reetablering har nådd eit minstemål.
    Einstemmig vedtak: Elva vert stengt for all fiske nedanfor Hellandsfossen i 2017.
  4. Driftsplan – v/Jarle Neset og Linda Neset
    Sak: Linda hadde ein gjennomgang av kva som ligg i å ha ein Driftsplan, kva formål den har, og vidare framdrift i Elveigarlaget med arbeid rundt planen. I dei nærmaste åra har Elveeigarlaget ei utfordring i å få på plass det organisatoriske rundt å drifta elva når det heile kjem i gong og gytebestanden har nådd sitt minstemål.
    Einstemmig vedtak: Driftsplan godkjent slik den foreligg.
  5. Webside – Status  v/Jarle Neset
    Sak: Jarle Neset heldt eit kort innlegg der han informerte om heimesida til Elveigarlaget, og viste også litt statistikk og besøk på dei mest populære sidene.
  6. Årsmelding/Rekneskap v/Tone S. Skuggevik og Terje Øvre-Helland
    Sak: Tone s. Skuggevik hadde ein gjennomgang av siste års aktivitetar i Styret, og Terje Øvre-Helland oppsummerte dei økonomiske transaksjonar som har vorte gjort i 2016.
    Vedtak: Ingen innsigelser
  7. Valg
    Det er gjort val av Styret for 2017. Styret blei einstemmig valt.
  8. Eventuelt.
    Det blei gjort ein forespurnad om deltaking på årets rognplanting, og det var stor interesse blant dei frammøtte.

Modalen Elveeigarlag 2017


Kommenter innlegget

Fiske og utfiske 2016

2016 var siste året med fiske etter laks i Modalselva etter at ein starta reetablering av laksestamma i elva. I dei kommande år vil det verta sett ut både rogn og smolt for å auke den naturlege produksjonen av laks. Elveeigarlaget vil og gjera tiltak for å ta vare på sjøauren i vassdraget ved å opparbeide gode gyteforhold i sidebekkar/elvar til hovedelva.

Biletet er tatt under utfiske 2016, vekt : 8.0 kg

Utfiske 2016


Kommenter innlegget

Opning av Kalkdoseringsanlegget 10.05.2016

10. mai 2016 var det høgtidleg opning av kalkdoseringsanlegget på Espeneset i Modalen, først med mat og statusgjennomgang på Mo, deretter snorklipping og omvisning i bygget.

Til stades var representantar frå Miljødirektoratet, Uni Research, Fylkesmannen i Hordaland, Modalen Kommune og Styret i Modalen Elveeigarlag. I første del av feiringa var det status gjennomgang av prosjektet, der kvar av representantane presenterte sin deltaking i forsking, kalking, reetablering av Modalselva og utfordringar som ligg framover.

Sjå også frå heimesida til Modalen Kommune samt artikkelen på heimesida i Strilen.


Kommenter innlegget

Rognplanting i Modalselva 2016

20160408_125404_planting_sized

Uni Research i aksjon! (Foto: Jarle Neset)

Torsdag 07.04.2016 og Fredag 08.04.2016 blei det i regi av Fylkesmannen og Uni Miljø planta 750.000 Vossolaks rogn i Modalselva. BKK produksjon AS sytte nok ein gong for vassføring som gjorde det mogleg å gjennomføre rognplanting.

Utplanting blei utført i heile strekket frå Trohaug grupa og nesten opp til Skulehuskjønna. Med dette har elva fått eit solid bidrag i å byggja opp ei ny laksestamme.

Utplanting blei bistått med deltakare frå Styret i Elveeigarlaget samt noko lokale krefter. Dei deltok i pakking av rogn i gytekasser, samt transport rundt omkring i elva der Uni Miljø sytte for sjølve utsetjinga.

I utgangspunktet var det kun tenkt å planta nedanfor Hellandsfossen, av di det pr. i dag ikkje finnes ei god løysing for smoltutvandring. Problemet er turbinane i fossen, som vil øydeleggje store deler av fisken. Dette har ein no pålagt seg sjølv å få ei løysing på innan smolten er stor nok til å utvandra, det vil seie innan 3 år.

Utsetjinga vil halde fram i mange år framover. I 2017 er det forventa å plante ut 1.000.000 (ein million!) rogn. Me vonar dette går rett veg!

20160408_101105_rognboks_sized

Rognkasse med 1000 rogn. (Foto: Jarle Neset)

 


Kommenter innlegget

Kalking og smolt frå Voss

Kalkingsanlegget på Espeneset er no klart for bruk, med igangsetjing 1. mai 2016. Tidleg i mai kjem nemlig 8000 smolt frå Voss Klekkeri. Desse vert ståande i vassdraget for preging, ca. 7 – 10 dagar. Fisken skal stå i slepmerda/ventemerd i vassdraget, ovom flomålet men nedstraums sterk strøm. Uni Miljø leiter etter plass. Det kan kanskje komme eit spørsmål om tilsyn av fisken medan dei er i vassdraget.


Kommenter innlegget

Kalkingsanlegg i Modalselva endeleg ein realitet

Eit kalkingsanlegg basert på kalkslurrydoserar er prosjektert ferdig ved Espeneset, Eit slikt anlegg vil ikkje by på problemer med oppsamling av kalk ved anlegget eller vidare spreidning nedstrøms, då kalken vert blanda inn i vatn som så blir slept ut i elva. Dosering vil vera styrd av kontinuerlige målingar slik at ein oppnår best mulig pH-verdiar til einkvar tid.

Byggestart var i slutten av August, med plan om ferdigstillelse den 01.02.2016. Anlegget forventast å vera i drift f.o.m. 01.03.2015.

Det er ikkje sett noko tidsperspektiv for kor lenge anlegget vil vera i drift, det vil avhenge av den naturlige utvikling. Anlegget er finansiert med midlar over Statsbudsjettet «så lenge som naudsynt».