Modalen Elveigarlag

Fiske for heile familien

Vedtekter

Vedtekter for Modalen Elveigarlag

Vedtekter blei revidert i 2018/2019 og vedtatt i årsmøte mars 2019.

Sak 6/19 Vedtekter for Modalen Elveigarlag.

Vedtak:

Årsmøtet tilrådde samrøystes slike vedtekter for laget:

 1.Elveigarlaget

Modalen Elveeigarlag (heretter kalla Laget) vart oppretta sundag 21 august 1983. Laget er ei samanslutning av grunneigarar og fiskerettshavarar, og omfattar den delen av Modalsvassdraget som fører anadrom laksefisk i Modalen Kommune.

2. Føremål

Laget sitt formål er å forvalte fiskeressursane i vassdraget i samsvar med «Forskrift om pliktig organisering og drift av vassdrag med anadrom laksefisk av 25. juni 2013», og skal såleis ivareta dei lovpålagde forvaltningsoppgåvene som lova og forskrifta pålegg.

Laget skal i sitt arbeid:

  • Syta for ei berekraftig fellesforvalting av fiskeressursane i vassdraget
  • Ivareta fiskerettshavarane sine interesser ovafor offentlege myndigheter, interesseorganisasjonar og allmenheten.
  • Leggja til rette for eit variert og attraktivt sportsfiske for alle fiskeinteresserte.

Vidare skal Laget innanfor lovgjevinga sine bestemmelsar:

  • Bestemma reglar for fiske, som t.d. fisketider, reiskapsbruk og fangstkvote som alle fiskerettshavarar og fiskarar pliktar å fylgje.
  • Ha mulighet til å samarbeida med andre organisasjonar med samanfallande interesser i samsvar med laget sine ynskjer og interesser.
  • Organisera kultiveringstiltak og evt. oppsyn og vaktordningar.
  • Fordela laget sine fellesutgifter som t.d. utgifter til kultivering, administrasjon og andre investeringar.
  • Utarbeida og vedlikehalda ein driftsplan for elva.
  • Gjennomføra andre oppgåver som vert fastsett av årsmøtet.

 

3. Medlemskap

Alle fiskerettshavarar innanfor dei elvestrekningane som kjem fram av § 1 vert automatisk partshavarar i Laget og må retta seg etter vedtakene i Laget.

4. Berekning og tildeling av andelar

Ved berekning og tildeling av andeler til kvar part/fiskerettshavar skal prinsippa i «Forskrift om pliktig organisering og drift av vassdrag med anadrome laksefisk av 25. juni 2013» leggast til grunn. Berekning og fordeling av andelar vert gjeldande i 5 år.

Andel som inngår i denne berekninga er fastsett i §6.

Fellesforvaltninga kan berre behandla spørsmål i direkte tilknyting til berekning av meter elvestrekning og fangst siste 5 år i samsvar med forskrifta.

5. Styre

Laget skal leiast av eit styre på 5 medlemer med 2 varamenn. Styret er vedtaksfør når minst 3 medlemer er tilstades. Gyldige vedtak skal gjerast med minst 3 stemmer. Styre vel sjølv nestformann, skrivar og kasserar.

Styre skal kalla inn til årsmøte som skal haldast kvart år i februar. På årsmøte skal styret leggja fram årsmelding og revidert reknskap, samt arbeidsplan og budsjett for komande år når styret finn dette nødvendig.

Styret skal vidare organisera m.a. frivilig dugnadsarbeid mellom medlemane, og komma med naudsynte framlegg til årsmøte om utbetringstiltak, kultiveringstiltak, fiskereglar og ordensreglar for elva. Styret har høve til å anmelda ulovleg fiske innanfor laget sitt område. Styret skal kalla inn til medlemsmøte når formannen finn dette naudsynt, eller når 2 eller fleire styremedlemer krev dette. Det skal førast møtebok frå styre sine møter.

6. Årsmøte

Vanleg årsmøte skal haldast kvart år. Rett til å delta har berre medlemer eller deira fullmektige. Eit medlem kan møta med skriftlig fullmakt og avgje røyst for eit anna medlem, men ikkje for fleire. Saker som medlemmane ynskjer med på saklista, må vera innkomne til Styret innan1 februar.

Det er Styret som kallar inn til årsmøte. Innkallinga skal skje skriftleg til medlemane, og saklista med saksutgreiing skal leggjast ved innkallinga. Så langt anna ikkje er bestemt vert alle vedtak på laget sine årsmøte avgjorde med vanleg fleirtal.

Årsmøte skal:

  1. Velja 2 medlemer til saman med formannen å underskriva protokollen.
  2. Handsama styret si årsmelding, rividert reknskap og arbeidsplan for komande år.
  3. Velja formann for eitt år, med varamann
  4. Velja det antall styremedlemer med varamenn som står på val.
    Styremedlemene vert valde for 2 år om gongen, slik at 2 medlemer går ut ved lutdraging etter det fyrste året.
  5. Velja 2 revisorar for eitt år.
  6. Handsama andre saker som vert tekne opp.
    Årsmøte kan ikkje gjera bindane vedtak i andre saker enn dei som er nemd i innkallinga. Ekstraordinært årsmøte skal haldast når styret eller minst 1/3 av laget sine medlemer krev dette. Det kan berre gjerast vedtak i dei sakene som er nemd i innkallinga. Innkalling og kunngjering som for vanleg årsmøte.

Det skal opprettast ei val nemnd. 3 medlemmar vert valgt på årsmøtet, oppstart 2018. Rullering med 3 års intervall.

Nemda har ansvar for:

  • å skaffe kandidatar til val i styret. Kandidatliste må vere klar seinast 14 dagar før møtet.
  • å gjennomføre val av styremedlemer med vara på årsmøtet.

 

 7. Organisering av fisket.

Laget har ansvar for organisering av fiske i Modalsvassdraget innan den del som er definert i §1:

  • Sal av fiskekort
  • Marknadsføring
  • Vaktordning – fiskeoppsyn i elva, som ser til at reglar vert fulgt opp i perioden med fiske.

Ordninga vert sett i verk frå 01.07.2019

8. Forvaltning av inntekter

  • 20% av elvas inntekter går til å dekke lagets utgifter
  • 80% går til Fordeling basert på andel fastsett i § 3

Ordninga vert sett i verk frå 01.07.2019

9. Oppløysing av laget.

Oppløysing av laget kan berre godkjennes dersom 2 påfølgande årsmøter vedtek dette med minst 2/3 fleirtall blandt dei frammøtte stemmeberettige.På samme årsmøte som vedtek oppløysing, skal det vedtakast korleis midlane skal fordelast, då slik at fordelinga ikkje stridast mot foreiningsprinnsippet.

10. Tvistar

Alle tvistar mellom laget sine medlemer og laget, eller medlemene innbyrdes om tolking og iverksetjing av desse vedtektne, vert avgjort med bindande verknad for alle partar av ei valdsgiftsnemd på 5 medlemer. Av desse vel partane eitt medlem kvar. Dei andre 3 vert oppnemt av sorenskrivaren i Bergen og Nord-Hordaland.

//