Modalen Elveigarlag

Fiske for heile familien

Regler

Reglar for fiske i Modalselva

  • I tillegg til den statlege fisketrygdavgifta for inneverande år, skal det løysast individuelt fiskekort for å fiske i Modalselva nedanfor Hellandsfossen. Fiskekort kan kjøpast her.
  • Det er ikkje krav om fiskekort ovanfor Hellandsfossen anna enn den statlege fisketrygdavgifta.
  • ALLE fiskekort skal returnerast til elveeigarlaget med utfylt Fangstrapport, uansett fangst eller ikkje.
    Dette er viktig for å få ut ein riktig statistikk for tilstanden i elva. Det er sett ut ein postkasse i avkjørselen til Modalstunnellen der ein kan leggja utfylt kort og eventuelle skjellprøvar.
    Om det ikkje er høve til å levera kortet når ein forlatar Modalen, kan kort sendast til
    Modalen Elveeigarlag v/Jarle Neset, Pb.68, 5732 Modalen
  • Det er fredningssone frå fisketrappa og 100m både oppstrøms og nedstrøms.
  • All laks skal avlivast og takast med, og det skal takast skjellprøvar. Sjå informasjon om Taking av Skjellprøver.
  • All sjøaure skal setjast ut igjen. Dette gjeld heile elva.
  • Fisketida er frå 15. juli til 15. september.
  • Fiskedøgnet er frå kl. 07:00 til 19:00.
    Dette av omsyn til auren.
  • Unge fiskarar under 16 år skal vere i lag med vaksne, og dei treng ikkje å løyse fiskekort for Modalselva. Dei må imidlertid kunne dokumentere sin alder om der kan oppstå tvil om aldersgrensa.
  • Det er rullerande fiske, det vil seie eitt kast og så eit steg vidare nedover elva. Det opererast ikkje med soneinndeling no i ein utfiskingsfase.
  • Det er kun lov å fiske med utstyr med ein krok, dette av omnsyn til om fisk må setjast ut igjen (aure).
    Det er ikkje noko restriksjonar på om ein nyttar sluk, flåge eller anna krokutstyr, med UNNTAK AV MARK!
  • Ein kvar fiskar har rett og plikt til å melda frå om det foregår noko ureglementert i elva.

Ut over dette gjer me merksamd om at reglar og retningsliner frå det offentlege skal fylgjast!
Sjå

TIPS:

Sjå gjerne brosjyrene utarbeida av NJFF og Norske Lakseelver for Gjenutsetting av fisk.

Sjå også informasjon om Taking av Skjellprøver.

Reklame