Modalen Elveigarlag

Fiske for heile familien

Velkommen til Modalen Elveeigarlags heimeside


Modalsvassdraget har i tidlegare tider vore eit av dei beste fiskevassdraga i Noreg. Elveigarlaget arbeider no i samråd med Fagrådet, NORCE og Fylkesmannen Vestland om å byggje opp igjen denne naturperla.

Me voner du vil finna interessant informasjon om elva og dei aktiviteter som no er i gang, og kom gjerne og besøk henne når det er opna for fiske!

Har du kommentarar, innspel, idear eller anna du ynskjer å bidra med (eller spørsmål, for den saks skuld), så ta kontakt.

Modalselva stengt for fiske:

Det pågår no ei opprusting av Modalselva der ein arbeidar med å få opp gytebestanden for laks og sjøaure. Modalselva er difor stengt for alt fiske i 2023 opp til Steinslandsvatnet, og den vil vera stengt i åra framover inntil ein når ein eigenproduserande bestand.

Meir info