Kalkingsanlegget i Modalen er plassert på Espeneset, rett nedanfor Øvre Helland. Anlegget blei påbegynt i 2015, med ferdigstillelse i mars 2016 og høgtidleg opning den 10.05.2016.
Anlegget er eit såkalla «slurry anlegg». Kalken vert lagra i flytande form i store tankar, og vert dosert ut i elva i henhold til måling av surheitsgrad (pH). Fordelen med ein slik type anlegg er at ein då ikkje vil ha store ansamlingar av kalk langs vassdraget, men få ut kalk i riktige doser med betre kontroll på pH-verdien.
Biletet nedanfor viser utslepp av slurry direkte i elva (februar 2017).
pH i Modalselven ligg normalt på 5.7, men kan droppe til 5.2 i korte periodar. Dette er så lågt at det får alvorlege konsekvensar for smolten.
Kalking vert gjort kvart år i perioden 1. desember til 1. juli, og dette er avgjerande for om ein skal kunne byggje opp ei god laksestamme i framtida. Ein ynskjer å halde ein pH på 6.2 på vinterstid. Når det nærmer seg at yngelen skal smoltifiserast for å kunne vandre ut i sjøen, hever ein pH til 6.4.
Det brukast årleg 1500 m² kalkslurry i vassdraget.
Terje Øvrehelland er i dag driftssjef ved anlegget og ser til at anlegget fungerar som det skal.
//