Modalen Elveigarlag

Fiske for heile familien

Årsmøte 21.03.2019

Éin kommentar

Tid: Torsdag 21.03.2019 kl. 19:00.
Stad: Konferanserommet på Mo

SAKSLISTE:

  1. Merknad til innkalling.
    Sak: Ingen merknad.
  2. Modalselva – Status og vidare orientering frå Fylkesmannen om reetableringa av Modalselva, v/Gry Walle.
    Sak: Gry Walle heldt eit innlegg der ho såg på dei utfordringane ein står overfor, status så langt i prosjektet og vidare plan framover. Det ble ymta frampå at ein ser for seg ein utvida 5-års aktivitet i reetableringa, som betyr at ein vil halde fram til 2024.
    Det kom forespurnad om Laget kan stille med deltakare i årets rognplanting, som vil skje rundt 09.04.19.
    På kort varsel stilte også Sissel Mykletun Hauge fra BKK i møtet, og orienterte litt kva tankar BKK har i tida framover med tanke på vandring og laksetrapp.
    Det blei åpna for spørsmål blant møtedeltakarane til Gry og Sissel. Det er stor interesse for korleis ein vil handtere utvandring frå over Hellandsfossen, og kva som er status og vidare handtering av laksetrappa.
  3. Stenging av Modalselva 2019 for vidare fiske inntil reetablering har nådd eit minstemål.
    Einstemmig vedtak: Elva vert stengt for all fiske i 2019.
  4. Driftsplan – aktivitetsplan og vidare arbeid i 2019.
    Sak: Dette punkt blei overført til årsmeldinga, punkt 7.
  5. Webside – Status  v/Jarle Neset
    Sak: Jarle Neset heldt eit kort innlegg der han informerte om heimesida til Elveigarlaget.
  6. Godkjenning av nye vedtekter.
    Sak: Det blei gått igjennom dei nye forslaga til vedtekter og besvart spørsmål.
    Vedtak: Vedtekter einstemmig godkjent. Les meir…
  7. Årsmelding
    Sak: Linda Neset hadde ein gjennomgang av siste års aktivitetar i Styret, samt kva ein ser for seg vidare av aktiviteter for kultivering av elva.
  8. Rekneskap
    Terje Øvre-Helland oppsummerte dei økonomiske transaksjonar som har vorte gjort i 2018.
    Vedtak: Ingen innsigelser
  9. Val
    Det er gjort val av Styret for 2019, resultat kan du sjå her. Styret blei einstemmig valt.
  10. Eventuelt.
    Ingen innspel.

Modalen Elveeigarlag 2019

Reklame

One thought on “Årsmøte 21.03.2019

  1. Thhis was lovely to read

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s