Som planlagt, blei det også i mars 2017 sett ut 700.000 rogn i Modalselva i regi av Uni Miljø LFI. Diverre var det ikkje opplyst på førehand om at storparten av dette skulle setjast ut med rør, så det blei eit noko «overbemanna» oppmøte på Sandane onsdag 29. mars kl. 09:00. Dette syner i alle fall at det no er aukande interesse i Modalen for det som skjer… Veldig bra!!
Rogna blei pakka og sendt frå Voss tysdag slik at dei var på plass onsdag morgon kl. 09:00 som planlagt. 100 rognboksar (ca. 100.000 rogn) blei pakka på nokre timar onsdag formiddag, og resten av dagen blei brukt til planting. Først klokka 19:00 på kvelden gav dei seg, då var 100 boksar sett ut samt ca 440.000 rogn planta i rør.
Torsdag blei så resten (ca. 160.000 rogn) planta ut i rør. Desse blei i hovudsak planta i Almelid og Neset.

Linda Neset plantar i rør. (Bilde: Jarle Neset)
Planting i rør skjer ved at ein dykkar finn ein høveleg plass i botnen (med grov grus) og grev ei grop. Så set ein røret nedi og legg litt grus rundt kanten. Rogna hellast opp i røret så dei sig nedi gropa. Deretter slettar ein litt over slik at egga blir dekka av grov grus og småstein.
Kvifor planting i rør?
Det viser seg at når ein sette ut boksar, var det anna fisk som var veldig interessert i desse og oppdaga at dei inneheld «mat»… so då var det berre å vente til det kom ut. Når ein plantar i rør, blir dette tilnærma slik laksen legg rogna naturleg, og egga er betre beskytta/gjømd for sine omgivnader.
Det er sannsynleg at ein større del vert planta på denne måten også neste år, om fisketeljinga syner høg overlevelsesrate neste gong.
Her kan du sjå korleis det gjekk føre seg i 2016: Les meir.