Sist oppdatert: 25.06.2017
Modalselva er regulert av BKK (Bergen Kommunale Kraftselskap), og elva’s lokale nedbørsfelt er 67,8 km² . Vassdragets totale nedbørsfelt er berekna til 387,3 km², i fylge rapportar frå NIVA. Dette har gjort elva til ei populær kraftelv med fleire utbygjingar i frå fjell (dammar), sideelvar og i sjølve vassdraget. Sur nedbør blei eit aukande problem i 1970- og 1980-åra, samstundes med kraftutbyggjinga i same tida. Surt vatn frå Skjerjevatn blei overført til Modalselva samstundes som «godt» vatn blei overført frå Holskaret til Eksingedalen i 2005, noko som vidare bidrog med (estimert) 10% aukning i forsuring av elva (ref. NIVA).
Kombinasjonen og konsekvensen har diverre vorte øydelagd vassmiljø med tilhøyrande utrydding av liv, der den lokale laksestamma har vorte heilt utradert og er i dag sporadisk erstatta av tilfeldige feilvandra fisk og rømd oppdrettslaks.
Sjå rapport frå NORCE LFI (tidligere Uni Research Miljø) – Rapport nr. 266 Gytefisktelling og registrering av rømt oppdrettslaks i elver på Vestlandet høsten 2015
Optimismen har likevel kome attende til Modalen, no er det iverksett tiltak med utsetjing av fiskeyngel og elva har og fått aksept for kalking. Ein reetableringsplan for laks i Modalselva blei utarbeidd i 2014, og dette arbeidet er no i full gang. Nytt kalkslurrydoseringsanlegg blei sett i gong i mai 2016.
Det vil ta nokre år å få bygd opp att laksestamma i elva, og ein reknar ikkje med eit allment tilgjengeleg tilbod dei fyrste 4-5 åra. Det var opna for fiske i øvre deler av vassdraget (brunørret), og etter rømd oppdrettslaks fram til og med 2016. Men frå 2017 er elva stengd til ein får opp ei sjølvreproduserande laksestamme igjen.
Denne sida er meint å gje ein status på elva og arbeidet med å gjere den attraktiv som fiske- og rekreasjonselv igjen.
Surhetsgrad/Forgiftning
Modalselva er, som dei fleste elvar i Hordaland, svært ionefattig og har lav kalsiumkonsentrasjon (<0,5 mg/L). Dette gjer elva spesielt utsett for forsuring. noko som fekk konsekvensar i 1970- og 1980 åra. I perioden 1980 til 2003 blei vasskvaliteten i elva overvåka av SFT (Statens Forurensingstilsyn), men prosjektet blei nedlagt grunna manglande budsjett. NIVA fortsatte prøvetaking eit par månader ut i 2004. I 2006 blei prøvetakinga teke opp att av NIVA med Fylkesmannen i Hordaland som oppdragsgjevar. I perioden 1993 til 1997 var det ikkje registrert ungfisk i elva (Bjerknes m.f., 2007).
I fylgje NIVA er vasskvaliteten vorte vesentlig betre i seinare tid, som fylgje av mindre forureina nedbør. Men med ein minimumsverdi av pH lik 5,36 (5,72), låg syrenøytraliserande kapasitet/alkalitet (ANC =14 μekv/L) og framleis høg konsentrasjon av uorganisk/labilt aluminium (LAl = 12 μg/L) gjer at Modalselva ikkje oppfyller grensene for god tilstand som foreslått i veilederen til vassforskrifta. (Tal i parentesar er gjennomsnittsmålingar i 2012, målingar utført av NIVA).
Det er og semje i forskningsmiljøa om at det ikkje kan ventas noko stor forbetring av tilstanden i elva i næraste framtid, då konsentrasjon av sulfat frå Europa no er på eit lågnivå og der er ingen andre faktorar som kan forventas å verte betre på sikt. Det var difor tilrådd kalking av elva, noko som kom i gang i april 2016.
Meir informasjon: «NIVA – Modalselva i Hordaland; vannkjemisk overvåking i 2012 og 2013»
Status: Forholda i elva er enno for dårlege til at ein kan forventa ei oppbyggjing av ei lokal laksestamme i overskueleg framtid basert på naturleg utvikling. Ein har difor sett i gang fleire tiltak for betre forholda i elva.
Kalking
I 2012 blei det aksept for kalking av Modalsvassdraget, og Modalen kom på «Topp 5»-lista over elver som no skal få bevilgningar frå Staten v/Miljødirektoratet. Det blei bevilga pengar frå Fylkesmannen i Hordaland, og med dette bestilte Modalen Kommune å få utarbeida ein Kalkingsplan frå NIVA.
Planen foreslo ein kalkslurrydoserar ved Espeneset på Øvre Helland, og ein tilsvarande i Budalselva (sistnevnte berre i drift ved behov, eksempelvis ved smolututvandringsperioden). Det blei diskusjonar rundt Espeneset, og ein foreslo å flytta den litt lenger ned grunna betre straumforhold i elva og betre omsetning av dosering i vatnet. Der er det og betre tilgang til elektrisk straum.
I 2014 bestilte Miljødirektoratet ein rapport der dei ynskja å kartleggje den genetiske profilen av laksen i dag. Eit notat er utarbeida og publisert 29.09.2014. Uni Miljø – Status og genetikk for laks i Modalselva
Status mai. 2016: Eit kalkingsanlegg basert på kalkslurrydoserar er ferdigstilt ved Espeneset med oppstartsdato 1. mai 2016. Eit slikt anlegg byr ikkje på problemer med oppsamling av kalk ved anlegget eller vidare spreidning nedstrøms, då kalken vert blanda inn i vatn som så blir slept ut i elva. Dosering vil vera styrd av kontinuerlige målingar slik at ein oppnår best mogleg pH-verdiar til einkvar tid.
Det er ikkje sett noko tidsperspektiv for kor lenge anlegget vil vera i drift, det vil avhenge av den naturlige utvikling. Anlegget er finansiert med midlar over Statsbudsjettet «så lenge som naudsynt».
Aktuelle lenker:
- Direktoratet for Naturforvaltning – DN-rapport : Plan for kalking av vassdrag i Noreg 2016-2021
- NIVA – Beregning av dagens og framtidig kalkbehov for innsjøer og lakseelver i Norge
- NIVA – Kalkingsplan for Modalsvassdraget
- NJFF – artikler og sammendrag i bladet «pH-Status» nr. 2/2014
- Rådgivende Biologer – 2288 Overvaking av vasskvalitet i 5 sideelvar i Modalselva nedom kalkdoseraren i 2016
Reproduksjon
I April 2014 starta Uni Miljø utsetjing av lakserogn i den nedre del av elva. Laksestamme som blei vald var Vossolaksen. Det blei satt ut 110.000 rogn, derav 5.000 oppom Hellandsfossen og resten nedanfor. Rognen blei plassert i Vilbert-bokser med egna grus og ein Garmin Oregon 300 GPS.
Status mai. 2016: Den 26.08.2014 blei det gjort opp ein liten status, der det viste seg at 86% av egga hadde overlevd (mot normalt 28%). Dette må kunne seiast å vera ein suksess så langt. I 2015 vert det sett ut 55.000 rogn (noko mindre enn planlagt grunna problem med levering), og i 2016 er det sett ut ca. 750.000. Plan vidare er å sette ut 720.000 rogn i året fram til 2018, der det vil verte ei evaluering av prosjektet. Om evalueringa viser at prosjektet har gjeve dei ønska verknader, vil prosessane fortsetja i ytterligare 5 år.
Sjå også statusrapportar frå Uni Research Miljø:
- Plan for utplanting av rogn i Modalen 2013
- Planting av rogn 2014 i Modalselva
- Planting av rogn 2015 i Modalselva
For å få fortgang i reetableringa, vil det og verte gjort smoltslep. Dette betyr at ein tank med 8000 smolt vert plassert i nederste del av elva og prega i 8 dagar, deretter slepast tanken ut til Manger kor fisken vert sleppt ut. I fylgje Uni Research Miljø har dette vore ein særdeles vellukka taktikk andre stader i landet (og rundt Osterfjorden og Vosso), då det viser seg ein høgare overlevings- og tilbakevendingsrate enn ved naturleg vandring. Den 2. mai 2016 gjekk fyrste slep, og dette vil ein gjera i dei neste 3-4 åra framover.
Det er forventa at dei fyrste laksane vil venda tilbake allereie i 2017, og elva vil då vera stengd for fiske i ein del år framover.
Aktuelle lenker: Fylgje med status på Nyhende
Vidare vil det no verta arbeida med å få i gong eit klekkeri for aure. I 1990-åra vart det bygd eit klekkeri ved Hellandsfossen, men det vil verta dyrt å setje dette i stand igjen. Det er også fremja ynskje om å gjera eit moderne klekkeri til ein attraksjon i Modalen, og difor vil ein no sjå på alternativ for å byggje eit nytt. Elveeigarlaget i Modalen har beslutta å setje i gång eit forprosjekt for å sjå på behov, finansiering og økonomi ved drifta av eit slikt anlegg.
Andre tiltak
Det er gjort utbetringar av inntaket i laksetrappa i 2013 av BKK. Det er omsider og gjort endringar i vassføringa i Almelid for betre å tilpasse forholda for fisken’s vandring vidare opp i elva.
Ein ynskjer og å sjå på tiltak rundt vassinntak ved Hellandsfossen og ved gummiluka. Det kan tenkjast at ein større andel av fisk på veg nedstrøms vil gå gjennom turbinene. Det arbeides med alternativer, kor eit lovande tiltak ser ut å vera laserlys framfor inntaket som vil skreme fiske frå å gå denne vegen.
Det er plassert kamera i laksetrappa med automatisk filmtakning ved aktivitetar. Det står og eit kamera i inntaket ved gummiluka, men denne tek film kontinuerlig og vil krevje mykje etterarbeid å sjekka. Her bør og kome eit sensorstyrt kamera.
I 2013 var deg gjort urovekkjande målingar av såkalla «Gassovermetning». Dette kan få alvorlege konsekvensar med høg fiskedaud når det inntreff. Så vidt me er kjent med, er dette under observasjon men ein har ikkje noko gode mottiltak til dette enno.
Under opninga av kalkdoseraranlegget held Sven-Erik Gabrielsen eit foredrag der han har gjort ein flott oppsummering av heile prosjektet fram til 2016. Her var mykje nyttig informasjon, du kan sjå innhaldet her:
Reetableringsprosjektet Modalen mai 2016
I 2017 er tida for at ein kan forventa tilbakevending av den fyrste generasjon laks som vert sett ut i elva. Det er difor gjort vedtak om at heile elva vil vera stengt for fiske dei kommande åra inntil ein får opp ein eigenproduserande bestand.