Modalen Elveigarlag

Fiske for heile familien

Fiskeslag

I 2014 er hovudbestanden av fisk i Modalselva innvandra sjøaure og ei lokal aurebestand i øvre del av elva/Steinslandsvatnet. Genetisk er desse så nær ein annan at om ei sjøaure eller fleire skulle vandra opp så kan dette godt få ringverknader der ein og begynner å få ei vandring av denne fisken.

Elva har og nokre få innslag av feilvandra laks frå Daleelva og andre stammar i Osterfjorden, samt nokre innslag av oppdrettslaks. I 2014 var det tillete å fiska etter denne laksen for å bana veg for ei ny stamme. Det er no under arbeid å byggja opp ei ny laksestamme basert på Vossalaksen. Om dette vert vellykka, har Modalselva ein god sjanse for å framstå som ei attraktiv lakseelv i framtida.

Sjå også notat frå Uni Miljø – Status og genetikk for laks i Modalselva

I Stølsvatenet er det påvist røye, og ein har forventa vidare spreidning til  Steinslandsvatnet. Det er ulike meiningar om kva konsekvenser dette kan få i framtida, men all erfaring tilseier at det vil etablera seg ei stamme som vil påverka dagens aure-bestand i Steinslandsvatnet. Om dette vil verke negativt, veit ein ikkje heilt sikkert, det vil nok og bero på kva som skjer med auren når ein no skal setje i gang kalking av elva (om det er forsuring som har forårsaka nedgången i auren dei siste åra).

Sjå rapport frå LFI-UNIFOB – «Nygard pumpekraftverk, Kontrollfiske i Stølsvatnet og Steinslandsvatnet 2008» for meir informasjon.

Advertisements