Modalen Elveigarlag

Fiske for heile familien

Status frå Fylkesmannen Mars 2017

Kommenter innlegget

På Årsmøtet i Modalen Elveigarlag 09.03.2017 hadde Fylkesmannen v/Gry Walle ein orientering om dei aktivitetar som pågår rundt reetablering av Modalselva, og kva utfordringar ein står overfor.

Kalking

Det blei stadfesta at kalkdoseringsanlegget er i gong, og vil vera i årleg drift i tida 01.12 til 01.07 året etter. Dette betyr i praksis at anlegget no skal gå fram til 1. juli 2017, for så å verta starta opp igjen 1. desember.

Utfordringar i tida som kjem

Her er fleire store utfordringar som har høg prioritet:

  1. Gassovermetning
    Det er identifisert utbrudd av gassovermetning ved Hellandsfossen, og dette kan ha stor innverknad på fisken nedstraums. Ein målestasjon held kontinuerlig overoppsyn med dette, men ein veit ikkje heilt kvifor dette skjer eller kva som kan gjerast med det.
  2. Tørrfall
    Under normal turbindrift og behov for vedlikehald, har BKK ein kontrollert nedkjøring av anlegget der ein slepp forbi vatn for å halde minstenivå av vassføring. Men i blant kan det skje eit plutseleg utfall, og då har ein ikkje noko mekanisme som kan kompensera for dette. Andre stader har ein sett inn ein omløpsventil som automatisk skal sørga for vassføring, men det er ikkje gjort noko vedtak om at dette skal setjast inn i Modalen.
  3. Laksetrapp
    BKK stengde laksetrappa i 2016 under påskudd om at ho no er under forfall og kan vera ei fare å ferdast i. Det er imidlertid lova at ho skal haldast open i 2017.
    Det er komen ein befaringsrapport der ein har sett på tilhøvet, men det er ikkje gjort nokon vurdering eller vedtak om kva som skal skje vidare. Fylkesmannen har etterspurt ein tiltaksrapport frå BKK.
  4. Fiskevandring opp elva
    Ein ser at i Almelid søkjer fisken å gå opp der det er mest straum, som er utløpet av tunnel. Fisken går ikkje opp i kummane mot gummiluka, slik ein ynskjer.
    Dette er for så vidt og eit problem nede i Hellandsfossen; fisken går ikkje heilt inn til trappa (med nokre unntak).
  5. Smoltvandring
    Smolt som skal ut til havet må ha ein måte å komma seg ned elva igjen. Slik det er i dag, kan fisken anten gå gjennom turbinen eller utfor Hellandsfossen. Begge alternativa er med livet som innsats!

Rognplanting/Smolt slep

Plan for rognplanting:

2014:  110.000
2015:  50.000 (plan var 110′)
2016: 700.000
2017: 700.000
2018: 500.000
2019: 500.000
2020: 250.000

Totalt blir dette 2.810.000 rogn på 7 år.
Ein ynskjer bistand rundt rognplanting i 2017 og, sjå her.

Plan for smolt slep er 8.000 smolt pr. år. Fyrste slep blei gjort i 2016, og skal halde fram til og med 2020 (totalt 56.000 smolt). Smolten plasserast i ein tank eit stykke oppi elva i 8 dagar, deretter slepast den ut Manger kor den vert slept ut til sjøs.
Smolten er «bitmerka», det vil sei den har ei lita brikke implantert i seg som vil kunna sporast. Det står 2 trådlause stasjonar i Modalen kor ein vil fanga opp når fisken passerer.

//

Reklame

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s