Modalen Elveigarlag

Fiske for heile familien

Elva

Modalselva har sitt opphav i Stølsheimen heilt nord i Hordaland, omkring 1200-1300 meter over havet. Den øvste delen renn ut i Steinslandsvatnet, og frå Straume og ned til sjøen er det ca. 13km med stryk, småvatn, kulpar og ein foss. Elva ender ut på Mo, i den innste enden av Osterfjorden.

Opprinneleg aure- og lakseførande strekning (såkalla andronom strekning) er på ca. 6,3 km og strekdjer seg frå Mofjorden opp til Hellandsfossen. Ei laksetrapp blei bygd som ein del av konsesjonen med BKK i 1983, men ein feil i inntaket har truleg gjort at trappa ikkje har fungert. Dette blei forsøkt retta på i 2013, men det gjenstår enno å sjå at den fungerar som planlagt.

Historisk sett har elva hatt eit godt rykte for å vera ei svært god sjøaure elv, og laksen har og hatt sin glansperiode. Men sur nedbør i 1970 – 1980-åra i kombinasjon med kraftutbyggjing har no redusert elva så kraftig at ho blei stengd for fiske i 2013. Det pågår no eit arbeid for å restaurere elva igjen, og i 2014 var det opna for dagfiske på laks for å ta opp noko av den feilvandra laksen (og oppdrettslaksen). Plan er å bana veg for ei ny laksestamme basert på Vossolaksen. Frå 2017 er elva stengt på ubestemt tid inntil ein igjen kan påvise ein sjølvproduserande lakse- og aurestamme.

Sjå også Status for å få med siste nytt om arbeidet med restaurering av elva.

Reklame