Fangst
Det finns fleire historiske beretningar om fiske i Modalselva. I bygdeboka fortelles det om at rettar til laksefiske blei leigd ut til engelskmenn på midten av 1800-talet (Farestveit 1990), og eit avisutklipp i avisa Hordaland frå 1869 omtalar ein engelskmann ved navn Henry Pottinger, som då leigde fiskerettane i naboelva Ekso, bemerka at fiskeforholda i Modalselva var mykje betre. «På Mo hoppar laksen på alle kantar», var visstnok eit utesegn.
I 1881 vert fiskerettane leigd ut for10 år til den bergenske skipsreidaren Ellerhusen, og i 1891 gjekk retten vidare til bergensaren John Jakobsen Grøsvigen (Farestveit 1990, Rødland 2001). Dette skulle syne eit aktivt laksefiske i elva på denne tida.
Det finns fangststatistikk attende til 1884, men statistikken er mangelfull i større periodar. Høgste registrerte fangst er på 1000 Kg samla (laks og aure) i 1963. Sidan 1969 vert statistikken skild mellom laks og aure, og det er då registrert ein stor overvekt av aurefiske. På 1970-talet er det store hol i statistikken, truleg på grunn av manglande innrapportering som fylgje av dårleg organisering og at elva var noko avsidesliggjande.
Utan at ein veit for sikkert, er det i fylgje rapportar frå NIVA og Uni Miljø veldig truleg at den opprinnelige laksebestanden forsvann med aukande sur nedbør og utbyggjing av Modalsvassdraget på 1970-talet. Også aurebestanden i elva gjekk kraftig tilbake i slutten av 2000-talet, og elva blei i 2012 stengt for fiske. Dei siste åra (fram til 2016) var det utfiske av laks i påvente av tilbakevendande laks etter rognutplanting, men frå 2017 er elva stengt på ubestemt tid inntil ein igjen kan påvise ein sjølvproduserande lakse- og aurestamme.
Sjå rapport frå Uni Miljø – Rapport nr. 230 Gytefisktelling og registrering av rømt oppdrettslaks i elver på Vestlandet høsten 2013
Kilde: Status og genetikk for laks i Modalselva
Utbyggjing, forsuring og forskning
I 1974 fekk BKK konsesjon til utbyggjing av kraftverk i Modalen, og byggjing av anlegget på Steinsland blei starta. (Som eit ledd i konsesjonen måtte BKK og påkosta tunellen mellom Modalen og Eksingedalen, red. anm.) Dette starta ein ny tid for Modalselva.
I konsesjonsvilkåra blei BKK pålagd å gjere nødvendige tiltak for å sikre at ikkje elva blei skadelidande. Dette var likevel etter pålegg frå Miljøverndepartementet, og ikkje noko som naturleg skulle utførast ut over dette.
Det tragiske var at elva fekk statleg status som forskningselv, der ein skulle sjå langtidsverknadane av kraftutbyggjinga. Dette kom samstundes med at Europa var inne i ein periode med sterkt aukande sur nedbør. Resultatet er, som vi veit, ei elv som er øydelagd med sterk forsuring, lav vasstemperatur, tidvis låg vassføring og utryddjing av fiskebestanden. Om veknadene på elva hadde skjedd i same grad utan utbyggjinga er uvisst. Det som likevel er eit faktum, er at «godt» vatn frå Holskaret blei ført over mot Eksingedalen, mens surt vatn frå Skjerjevatnet blei lagd i rør mot Modalen. Dette medførte ei ekstra forsuring av elva, kan hende ei auke opp mot 10% (ref. NIVA).
No har ein omsider teke konsekvensen av dette, og med hjelp frå eit internt oppretta Fagråd har det lykkast å få merksamd rundt elva. Det er i dag akseptert frå Miljødirektoratet at der skal innførast kalking av elva for å auke pH-verdien og få ned verdiane på uorganisk aluminium, og arbeidet med å setje ut ny laksestamme (frå Vossolaksen) er i gong med hjelp frå Fylkesmannen i Hordaland og Uni Miljø.
I 2012 gjorde og BKK tiltak med å forbetre inntaket i laksetrappa ved Hellandsfossen samt utbetring av føringsveg i stryka ved Almelid. Dette gjev ei andronom strekning på heile elva. Det gjenstår å sjå resultatet av desse forbetringane, men i 2015 vart det tald 42 fisk opp laksetrappa. Dette har gjeve håp for at ting no er på rett veg. I 2015 starta også bygging av eit kalkingsanlegg på Øvre Helland, som vert offisielt opna 10. mai 2016. Anlegget kjører ut kalk f.o.m. november til juni, men elva er overvaka og det kan verta endringar i tida anlegge kjørast avhengig av behov.