Modalen Elveigarlag

Fiske for heile familien


Kommenter innlegget

Opning av Kalkdoseringsanlegget 10.05.2016

10. mai 2016 var det høgtidleg opning av kalkdoseringsanlegget på Espeneset i Modalen, først med mat og statusgjennomgang på Mo, deretter snorklipping og omvisning i bygget.

Til stades var representantar frå Miljødirektoratet, Uni Research, Fylkesmannen i Hordaland, Modalen Kommune og Styret i Modalen Elveeigarlag. I første del av feiringa var det status gjennomgang av prosjektet, der kvar av representantane presenterte sin deltaking i forsking, kalking, reetablering av Modalselva og utfordringar som ligg framover.

Sjå også frå heimesida til Modalen Kommune samt artikkelen på heimesida i Strilen.


Kommenter innlegget

Rognplanting i Modalselva 2016

20160408_125404_planting_sized

Uni Research i aksjon! (Foto: Jarle Neset)

Torsdag 07.04.2016 og Fredag 08.04.2016 blei det i regi av Fylkesmannen og Uni Miljø planta 750.000 Vossolaks rogn i Modalselva. BKK produksjon AS sytte nok ein gong for vassføring som gjorde det mogleg å gjennomføre rognplanting.

Utplanting blei utført i heile strekket frå Trohaug grupa og nesten opp til Skulehuskjønna. Med dette har elva fått eit solid bidrag i å byggja opp ei ny laksestamme.

Utplanting blei bistått med deltakare frå Styret i Elveeigarlaget samt noko lokale krefter. Dei deltok i pakking av rogn i gytekasser, samt transport rundt omkring i elva der Uni Miljø sytte for sjølve utsetjinga.

I utgangspunktet var det kun tenkt å planta nedanfor Hellandsfossen, av di det pr. i dag ikkje finnes ei god løysing for smoltutvandring. Problemet er turbinane i fossen, som vil øydeleggje store deler av fisken. Dette har ein no pålagt seg sjølv å få ei løysing på innan smolten er stor nok til å utvandra, det vil seie innan 3 år.

Utsetjinga vil halde fram i mange år framover. I 2017 er det forventa å plante ut 1.000.000 (ein million!) rogn. Me vonar dette går rett veg!

20160408_101105_rognboks_sized

Rognkasse med 1000 rogn. (Foto: Jarle Neset)

 


Kommenter innlegget

Kalking og smolt frå Voss

Kalkingsanlegget på Espeneset er no klart for bruk, med igangsetjing 1. mai 2016. Tidleg i mai kjem nemlig 8000 smolt frå Voss Klekkeri. Desse vert ståande i vassdraget for preging, ca. 7 – 10 dagar. Fisken skal stå i slepmerda/ventemerd i vassdraget, ovom flomålet men nedstraums sterk strøm. Uni Miljø leiter etter plass. Det kan kanskje komme eit spørsmål om tilsyn av fisken medan dei er i vassdraget.


Kommenter innlegget

Kalkingsanlegg i Modalselva endeleg ein realitet

Eit kalkingsanlegg basert på kalkslurrydoserar er prosjektert ferdig ved Espeneset, Eit slikt anlegg vil ikkje by på problemer med oppsamling av kalk ved anlegget eller vidare spreidning nedstrøms, då kalken vert blanda inn i vatn som så blir slept ut i elva. Dosering vil vera styrd av kontinuerlige målingar slik at ein oppnår best mulig pH-verdiar til einkvar tid.

Byggestart var i slutten av August, med plan om ferdigstillelse den 01.02.2016. Anlegget forventast å vera i drift f.o.m. 01.03.2015.

Det er ikkje sett noko tidsperspektiv for kor lenge anlegget vil vera i drift, det vil avhenge av den naturlige utvikling. Anlegget er finansiert med midlar over Statsbudsjettet «så lenge som naudsynt».


Krav frå Fylkesmannen i Hordaland – Organisering og driftsplan

Det er akseptert i Miljøverndepartementet at Modalselva må kalkast, og elva står no øvst på lista i Noreg. Dette betyr at Modalselva kan få statlege midlar til kalking for å få ner surhetsgraden i elva og med dette få opp att lakse- og aurebestanden. Arbeidet med utsetjing av lakserogn er og utført for 2014 av Uni Miljø, med økonomisk hjelp frå Fylkesmannen i Hordaland.

Men dette krev og at Modalen’s elveeigarar gjer tiltak som gjer elva kommersielt tilgjengeleg for alle. Les meir