Modalen Elveigarlag

Fiske for heile familien

Status frå Fylkesmannen og BKK Mars 2019

Kommenter innlegget

På Årsmøtet i Modalen Elveigarlag 21.03.2019 hadde Fylkesmannen v/Gry Walle ein orientering om dei aktivitetar som pågår rundt reetablering av Modalselva, og kva utfordringar ein står overfor. Det er for så vidt mykje dei same aktivitetene som blei opplyst om i årsmøtet i 2017. I år deltok også Sissel Mykletun Hauge frå BKK, og kom med innspel og utfylgjane informasjon om kva BKK har av tankar og aktivitetar framover.

Nytt var likevel at ein no startar prosessen med å utvida reetableringstida frå 5 til 10 år, noko som blei positivt motteke i Laget.

Utfordringar i tida som kjem

Her er fleire store utfordringar som har høg prioritet:

  1. Gassovermetning
    Det er identifisert utbrudd av gassovermetning ved Hellandsfossen, og dette kan ha stor innverknad på fisken nedstraums. Ein målestasjon i BKK held kontinuerlig overoppsyn med dette, men ein veit ikkje heilt kvifor dette skjer eller kva som kan gjerast med det. Ein har i dag ikkje noko løysing.
  2. Tørrfall
    Under normal turbindrift og behov for vedlikehald, har BKK ein kontrollert nedkjøring av anlegget der ein slepp forbi vatn for å halde minstenivå av vassføring. Men i blant kan det skje eit plutseleg utfall, og då har ein ikkje noko mekanisme som kan kompensera for dette. Andre stader har ein sett inn ein omløpsventil som automatisk skal sørga for vassføring, men det er ikkje gjort noko vedtak om at dette skal setjast inn i Modalen.
  3. Laksetrapp
    Det er komen ein befaringsrapport der ein har sett på tilhøvet, men det er ikkje gjort nokon vurdering eller vedtak om kva som skal skje vidare. Fylkesmannen har etterspurt ein tiltaksrapport frå BKK i 2017, men dette blei ikkje nemt i møtet. Status ukjent, anna enn at BKK held opent i 2019.
  4. Fiskevandring opp elva
    Ein ser at i Almelid søkjer fisken å gå opp der det er mest straum, som er utløpet av tunnel. Fisken går ikkje opp i kummane mot gummiluka, slik ein ynskjer.
    Dette er for så vidt og eit problem nede i Hellandsfossen; fisken går ikkje heilt inn til trappa (med nokre unntak).
  5. Smoltvandring
    Smolt som skal ut til havet må ha ein måte å komma seg ned elva igjen. Slik det er i dag, kan fisken anten gå gjennom turbinen eller utfor Hellandsfossen. Begge alternativa er med livet som innsats!
    Det er framleis ikkje kome noko innspel på korleis ein skal løyse dette. Pr. i dag må smolten gå ned fossen eller turbinen, då den i liten grad finn laksetrappa.
  6. Kalking i Budalen
    Det er kome opp at ein vil sjå på om også Budalen skal få eit kalkingsanlegg. Dette er ikkje vedteke.

Rognplanting/Smolt slep

Plan for rognplanting:

Rognplanting
År Plan Faktisk utført
2014 156.182 110.000
2015 110.000 55.000
2016 500.000 690.000
2017 612.200 690.000
2018 282.640 220.100
2019 500.000

+Ungfisk: 120.000

152.000

+Ungfisk: 211.000

Tala er frå Norce LFI (tidligare Uni Miljø).

Om ein ser på tala som blei formidla i 2017, vil ein sjå nokre avvik. Les meir…

Ein ynskjer bistand rundt rognplanting i 2019 og. I år vert det sett ut ca. 150.000 rogn, dei resterande 211.000 vil verta utklekka på Voss Klekkeri og sett ut i elva ca. i juni 2019.

Plan for smolt slep er 8.000 smolt pr. år. Fyrste slep blei gjort i 2016, og skal halde fram til og med 2020 (totalt 56.000 smolt). Smolten plasserast i ein tank eit stykke oppi elva i 8 dagar, deretter slepast den ut Manger kor den vert slept ut til sjøs.
Smolten er «bitmerka», det vil sei den har ei lita brikke implantert i seg som vil kunna sporast. Det står 2 trådlause stasjonar i Modalen kor ein vil fanga opp når fisken passerer.

Annet

Det heiter ikkje lenger «Fylkesmannen i Hordaland», men «Fylkesmannen Vestland». Dette betyr i praksis at heile Fylkesmann-funksjonen no vil omfatta både Hordaland og Sogn og Fjordane.

Som eit ledd i dette, er det varsla at det vil kome nye forskrifter som vil omfatta fiskeforvaltning for heile Vestlandet. Slik det har vore fram til no, har det vore ulik praksis og forskrifter mellom dei to fylka, men dette skal no verta omforeint. Høyring vil skje i sommar 2019, og ein ser for seg at forskriftene vert gjennomført i løpet av 2019.

Også på landsbasis vil det verta revidert nye forskrifter, desse vil gå til høyring kanskje i løpet av 2019. Det er forventa at desse vil komma i 2020.

//

Reklame

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s