Modalen Elveigarlag

Fiske for heile familien

Informasjonsmøte 5. mars 2020

Kommenter innlegget

I forbindelse med årsmøtet i Modalen Eleeigarlag, var det eit informasjonsmøte i forkant der ein ynkja å informera om prosessene i elva. Her var innlegg frå blant anna Fylkesmannen Vestland, NORCE (tidlegare LFI) og BKK.

Fylkesmannen i Vestland v/Gry Walle

Etter fylkesamanslåinga i 2019 arbeidar ein no mot å få ei meir heilheitleg forvaltning og regelverk for heile det nye fylket. Nye forskrifter er ute på høyring med høyringsfrist sommaren 2020. Fiske av sjølaks er no forbåde over heile Vestland og det arbeidast med stenging for heile landet.

Det er oppretta ei ny nettside: https://www.fylkesmannen.no/vestland/miljo-og-klima/fiskeforvaltning/ der ein kan finne meir informasjon.

Det kom og klare signal om at elvar som er i ein reproduksjonsfase skal vera stengt. Det er framleis Elveigarlaget som tek avgjerdsler om dette, men ei åpning kan verta overstyrt av regelendringar om dette ikkje vert overholdt. Når ein har oppnådd gytestand mål, kan ein opna for fiske, og dette vert målt på andronomt areal. Men gytestand mål er pr. no ikkje definert for Modalselva, så det er uvisst kor tid dette kan skje.

Eit lite historisk tilbakeblikk var og gitt. Det er utplanta 1,8 mill. rogn sidan 2014, og det er i tillegg utført smolt utplanting og smolt slep til Fedje. Siste slep var i 2019, og det er ikkje planar om å fortsette med dette.

Framover er det planar for utplanting av 530.000 rogn i 2020 (i april), og ytterlegare 1 mill. rogn i tida 2021-2023 (ca. 250.000 pr. år).

NORCE (ex. LFI) v/Svein-Erik Gabrielsen

For tida er det fokus på forskning rundt oppdrettsanleggas påverknad på laksen i sjø og fjordar. Det vert nytta

  • Smoltfeller
  • Kilenoter for registrering
  • PIT-merking
  • PIT-anlegg i 5 elvar og i sjø

Sjøoverlevelsen er svært låg for Vestland (0,3-1,3%). Det er og ei markert auke av lakselus i fjordane og mykje tyder på at denne står for mykje av problema med å få elvene opp å gå igjen i fjordane. Gjenfangst av slep for Modalen: 2017: 19,  2018: 35  2019: 48, totalt 202. Dette er høgare enn mange andre stader, men med slep på 8.000 smolt pr. år må ein stille spørsmål rundt verdien av dette så lenge fiskedauden er så høg i sjø og fjord.

Så generell trend for Vestland er nedadgåande for laksen. Men for Modalen syner planting oppstraums Hellandsfossen ei stor auke (10 pr. 100m), og dette skyldast i stor grad planting og kalking.

Smålaks < 3 kg: 70 i 2019 mot 20 i 2018
Mellomlaks 3-5kg: 20 i 2019, som i 2018
Eggoverlevelse siste 2 år: 90%
Det er sett ut smolti bur for å sjekka uorganisk Aluminium, og dette er gått kraftig ned etter ein starta kalkingsanlegget: 200 μg/L i 2015-16 til 20 μg/L i 2017-19

For ørretbestanden er det nedgång, men dette var forventa då ørreten ofte vert forskyve av laksen. Laks graver mykje ørretrogn og den gyter seinere.

Modalselva har eit areal på 324.000m² nedstraums Hellandsfossen + 86.000m² til Almelid = 410.000m². Ein har ikkje avgjort om dette vil verte arealet ein sette gytebestandsmåla etter. Totalt for heile elva (inkl. Steinsland): 1.201.000m².

Det er og generell forskning i lag med BKK på nedvandring i fossar. Nedslåande resultat i Tveitofossen og Daleelva, men meir lovande resultat i Modalen. Problemet er inntaket i kraftstasjonen i Hellandsfossen. Ein slepp merka fisk ut i elva oppstraums, og målar kor mange som kjem ned «heile».

Forskning kan og vera ei utfordring i form av at ein nokre gonger oppdagar ulik framferd i forskningsremediene. Blant anna viser laksen ulik adferd blant villfisk vs. klekkerismolt, noko som kan setje spørsmålstegn med resultata ein har fått. PIT-målestasjonar er sett ut, men sidan villaksen går mykje høgare i vatnet enn klekkerilaksen, vert det ulike målingar avhengig av kor målestasjonen er plassert.

Vidare:

  • Miljødesign på nedstraums, rippe elvebunn?
  • Overvåke drift av kraftstasjon, utfall, gassmetning, nedkjjøling
  • Minstevassføring i gummiluka

BKK v/Sissel Mykletun

Då fleire kommunar i Vestland uttrykka ynskje om vilkårsrevisjon av konsesjonar, blei og Modalen Kommune med i dette. Her er mange hensyn å ta ut frå dei ulik kommunanes ynskjer (miljø, mangfold, friluftsliv), men her er og nokre hensyn som ligg på nasjonalt nivå og er ikkje aktuelle for revisjonen (eksempelvis tapt kraft, redusert fleksibilitet, klimamål).

Det er kome inn ca. 100 krav frå kommunane, der Modalen står for 12 av dei.

Aktuelle tiltak (generelt):

  • standard vilkår
  • minstevassføring
  • miljøtilpassa driftsvassføring
  • miljø for fisk (tilgroing, friluftsliv, temperatur)

Frist for revisjonsdokument var 1/7-20 og 1/7-20. Ny konsesjon er ein langstrakt prosess, målet er innan 2025 men med forbehald.

BKK deltar i ulike prosjekt som går på å utbedre bekkeinntak. Det er stor fokus på gassmetning pga. fall og luftmetning, sidan dette har medført stor fiskedaud i nokre tilfeller i landet siste åra.

For fisketrappa er det og ein større usikkerhet. Slik BKK ser det, må den setjast i eit brukerperspektiv. Kostnaden er stor i forhold til korleis reguleringa påverkast. Det er ikkje klart om den inngår i villkårsrevisjonen.

//

Reklame

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s