På Årsmøtet i Modalen Elveigarlag 21.03.2019 hadde Fylkesmannen v/Gry Walle ein orientering om dei aktivitetar som pågår rundt reetablering av Modalselva, og kva utfordringar ein står overfor. Det er for så vidt mykje dei same aktivitetene som blei opplyst om i årsmøtet i 2017. I år deltok også Sissel Mykletun Hauge frå BKK, og kom med innspel og utfylgjane informasjon om kva BKK har av tankar og aktivitetar framover.
Monthly Archives: mars 2019
Årsmøte 21.03.2019
Tid: Torsdag 21.03.2019 kl. 19:00.
Stad: Konferanserommet på Mo
SAKSLISTE:
- Merknad til innkalling.
Sak: Ingen merknad. - Modalselva – Status og vidare orientering frå Fylkesmannen om reetableringa av Modalselva, v/Gry Walle.
Sak: Gry Walle heldt eit innlegg der ho såg på dei utfordringane ein står overfor, status så langt i prosjektet og vidare plan framover. Det ble ymta frampå at ein ser for seg ein utvida 5-års aktivitet i reetableringa, som betyr at ein vil halde fram til 2024.
Det kom forespurnad om Laget kan stille med deltakare i årets rognplanting, som vil skje rundt 09.04.19.
På kort varsel stilte også Sissel Mykletun Hauge fra BKK i møtet, og orienterte litt kva tankar BKK har i tida framover med tanke på vandring og laksetrapp.
Det blei åpna for spørsmål blant møtedeltakarane til Gry og Sissel. Det er stor interesse for korleis ein vil handtere utvandring frå over Hellandsfossen, og kva som er status og vidare handtering av laksetrappa. - Stenging av Modalselva 2019 for vidare fiske inntil reetablering har nådd eit minstemål.
Einstemmig vedtak: Elva vert stengt for all fiske i 2019. - Driftsplan – aktivitetsplan og vidare arbeid i 2019.
Sak: Dette punkt blei overført til årsmeldinga, punkt 7. - Webside – Status v/Jarle Neset
Sak: Jarle Neset heldt eit kort innlegg der han informerte om heimesida til Elveigarlaget. - Godkjenning av nye vedtekter.
Sak: Det blei gått igjennom dei nye forslaga til vedtekter og besvart spørsmål.
Vedtak: Vedtekter einstemmig godkjent. Les meir… - Årsmelding
Sak: Linda Neset hadde ein gjennomgang av siste års aktivitetar i Styret, samt kva ein ser for seg vidare av aktiviteter for kultivering av elva. - Rekneskap
Terje Øvre-Helland oppsummerte dei økonomiske transaksjonar som har vorte gjort i 2018.
Vedtak: Ingen innsigelser - Val
Det er gjort val av Styret for 2019, resultat kan du sjå her. Styret blei einstemmig valt. - Eventuelt.
Ingen innspel.
Modalen Elveeigarlag 2019
Oppdaterte vedtekter
I årsmøtet 21.03.2019 blei det einstemmig vedteke nye vedtekter for Modalen Elveigarlag. Vedtektene er no meir i tråd med dei nye forskriftene som kom i 2013 «Forskrift om pliktig organisering og drift av vassdrag med anadrom laksefisk av 25. juni 2013»
Du kan sjå dei nye vedtektene her.
//