
Pakking i bokser for utsetting. Foto: Jarle Neset
17. April var det på ny rognplanting i Modalselva. Om lag 15 personar deltok i aktiviteten, både frå Uni Research, Voss Klekkeri og elveeigarar/fiskarar. I tillegg deltok og Gry Walle frå Fylkesmannen.
Om lag 200.000 rogn blei planta, halvt om halvt i boksar og i rør direkte i elvegrusen. I tillegg vil ein klekka ut nokre tusen yngel på Voss, som so skal setjast ut i elva.
Eit TV team frå france5 kom og på besøk, dyktig veileda av Alv Arne Lyse frå Norges Jeger- og Fiskeforbund (NJFF). Dette er eit TV-team som lagar reiseprogram frå heile verda, ta ein titt her: Echappées belles
Programmet frå Modalselva og Etne vil verta tilgjengeleg på YouTube frå 04. juni 2018.

Pakking i boks medan TV-team ivrig prøver å få med alle detaljar. Alv Arne Lyse var med som kommentator. Foto: Jarle Neset

Stian Steinsland, Gry Walle og Linda Neset klar for å planta egg i rør i Almelid. Foto: Jarle Neset

I aksjon. Rør vert sett ned i grus, og rogn skal oppi røret (beger med rogn vert helden av Stian (t.v.). Samstundes følger TV-fotograf med på begivenheten. Foto: Alv Arne Lyse