Modalen Elveigarlag

Fiske for heile familien

Krav frå Fylkesmannen i Hordaland – Organisering og driftsplan

Det er akseptert i Miljøverndepartementet at Modalselva må kalkast, og elva står no øvst på lista i Noreg. Dette betyr at Modalselva kan få statlege midlar til kalking for å få ner surhetsgraden i elva og med dette få opp att lakse- og aurebestanden. Arbeidet med utsetjing av lakserogn er og utført for 2014 av Uni Miljø, med økonomisk hjelp frå Fylkesmannen i Hordaland.

Men dette krev og at Modalen’s elveeigarar gjer tiltak som gjer elva kommersielt tilgjengeleg for alle. Eksempelvis må det utarbeidast ein driftsplan for dei kommande åra, der ein blant anna beskriv korleis elva skal drivast framover, status og tiltak, sal av fiskekort, inndeling av fiskeplassar, økonomi, plan for drift av reproduksjon m.m. Det kom og krav om allmen tilgang til informasjon om elva og kor ein kan få kjøpt fiskekort, og me har vald å gjere dette med denne heimesida.

Dette vil naturleg nok ha ein konsekvens for alle grunneigarar i Modalen, då heile drifta av elva no må organiserast på ein ny måte. Styret arbeider i dag «på spreng» med å få laga eit første utkast av driftsplanen. Det er gjeve midlar frå Fylkesmannen i Hordaland for at dette skal kome på plass, og frista er1. desember. Dette er ikkje mogleg då dette er eit omfattande arbeid, men me vonar å få ei lita utsetjing på frista.

Reklame

Kommentarfeltet er stengt.