Modalen Elveigarlag

Fiske for heile familien


Kommenter innlegget

Prøvefiske 2021

Fiske ved kraftstasjonen i Hellandsfossen. Foto: Linda Neset

Dei to første helgene i oktober var det atter duka for eit «catch and release» prøvefiske etter laks i Modalselva. Også denne gangen var det lagt opp til to intensive helger med fiske i starten av oktober.

Storfisk! Foto: Linda Neset

I oktober er me ganske sikre på at all gytefisk er på plass i elva og at denne tåler håndteringa eit slikt fiske medfører. I år var eit annleis år med svært lite vatn i elva i sommarmånedene, og derav sein oppgang av fisk. Me var difor litt usikre på kva vi kunne forvente oss, men elva leverer… på desse to helgene vart det fiska 36 laks, den største: ein hannfisk på 99 cm (13-14 kg).

Det vert fiska mest hofisk på 8 -10 kg, 16 fisk var fettfinneklypt og 18 var det ikkje. Av 36 fisk var to oppdrettsfisk.

Prøvefisket var gjennomført etter mykje det samme format som i 2020 med eit oppstartsmøte på fredag der reglar og rettleiding i håndtering av fisk ved eit «catch and release» fiske vert gjennomgått. Deretter trekning av fiskesoner, og det var tid til ein tur i elva før mørket seig på.

Laurdag og sundag er det lagt opp til eit intensivt fiske der me tar sikte på å dekkje det meste av elvestrekninga frå Mo til Helland. Kvar sone kan fiskast av inntil 3 fiskare samstundes, og sonene rullerer gjennom helga slik at deltakarane vil ha fiska seg gjennom alle sonene når fisket avsluttast på sundag.

Til tross for noko ruskete vær desse helgene blei det lagt ned ein stor innsats, og elveeigarlaget er svært nøgd med resultatet, og håpa sjølvsagt at den gode trenden me no ser, er starten på ein ny og bærekraftig stamme av laks i Modalselva.


Elveeigarlaget takker alle deltakarane og fiskare for ei flott oppleving og ein fin og stødig gjennomføring!

//